Guitar hero!!

Hei hei..
I går var jo eg på revy, og den var knakande bra! Lo kjempe mykje. Bussturen oppatt var seig. Og den verka tusen gongar lenger enn normalt. Då eg var framme og Vilde hadde komme, plugga me i alle slags leidningar til Guitar Hero!! Vilde har fått seg playstation 2, guitar hero, ein haug med spill, mikrofonar... Elsk <3 Så i går kveld spelte me litt guitar hero, og det var tydeleg kven som har spelt lengst på det. Ja, det var meg, utruleg nok, har sjølv berre spelt det ein gong før, og det er rundt eit år sidan.


Meg første gang eg spelte guitar hero. Nattope på skulen i februar 2009. 10. klassen

I dag på skulen skjedde det ikkje så mykje. Gymlæraren er tilbake så eg fekk endeleg spørre kvifor eg hadde fått 3 i gym i første termin. Men ho forstod det ikkje sjølv, ho hadde jo skrive ned sjølv at eg hadde fått 4. jaja.. Fornøgd det gjekk den vegen eg. Til middag var det fiskekaker,, og det smakte godt! Ette middagen spelte me gitar hero heilt fram til kvelds. Etter det gjekk me til kaninene og eg klypte neglene deira. No set me no her. Eg trur eg tar å spele litt guitar hero no. Så kanskje ein liten pause før Cougar town begynne.


DETTE INNLEGGET SKULLE POSTAST I GÅR, MEN NETTET KLIKKA!!!

Travel dag..

Stod opp kl halv elleve, hoppa i dusjen. Så har eg ommøblert rommet tilbake til normalt og tatt litt oppvask. Eg har og sett på to vaskemaskine. Og kosta golvet. Eg skal snart gå ut med bosset. Eg må og rekke å ta kleda i tørketrommelen. Håper den blir ferdig før eg reiser. Klokka to går eg ned til Voss togstasjon, fordi eg skal ta buss heim får å gå på russerevy saman med mine gode venna. Den begynner klokka 5, også ti over 7 igjen må eg ta buss oppatt til Voss. Vei ikkje om eg får med meg heile revyen, men puttsan..

Ja, i går såg me dei tre siste filmane av Harry Potter. Og etter filmane fekk eg ein liten "eksamen" på namn og kva som var det vikitegaste som skjedde i kvar film. Og eg bestod! (Y)  Eg hadde kun to feil på ein måte. Eg sa Ronny-Ponny, i staden for Ron-Pon (?) som ho derre jenta kallte han for. Ija.. Også sa eg at i den sjette filmen så var det viktigaste at Voldemort døde, men HALLO, det var jo Humlesnurr. Blande dei to heila tide. Og det var jo det som gjorde at me begynte med dette Harry Potter maratonet.


Blir litt gal av alle Harry Potter filmane ja..

No skal eg gå ut med bosset.

Snakes ^^

Kom deg ut av senga!!

Jessda, me blei ferdig med nr 1, 2 og 3 av Harry Potter i går/natt. Og i dag skal me ta dei tre siste.
Hadde det kjempe kosleg saman med Mari og Erle. Ommøblert rommet og rigga oss verkleg til.


xD

 
:D


Mari <3


Mari igjen ;D


Erle <3


Morgonen etter,. I dag altså.


Til vanleg pleier den senga med dataen i å stå inntil veggen der alt rotet ligg. Og bordet er inntil der som senga står. Eit nattbord blei også flytta vekk.


Gler meg til dei tre siste i dag :D


Snakes ^^





Harry Potter marraton..

Hei og hallo. Advarsel! dette blir eit kort og kjapt innlegg.

Har hatt ei stor oppgåva i dag. Skulle skrive om sjukdommar på hest og forskjellig. Det har eg fått gjort og det er sendt inn. Grett nok.

I kveld begynner eg, Mari og Erle med Harry Potter marraton. Det måtte til fordi eg ikkje veit forskjell på Voldemort og Humlesnurr. Akk'ja..

Eg har valsa rundt med nattbukse i heila dag. Elske nattbukser! <3


Hihi!

Kos dykk!


Snakes ^^

Er han ikkje søt?

Tok ein test på facebook om "Hva skjer det deg i helga?"  Og ved den testen var det eit bilete. Eit søtt bilete.



Blei litt lite og utydeleg, men vertfall, den er kjempe søt! Og den står der trofast som bakgrunnsbilete mitt.

Synst du den var søt?

Det blei visst ikkje fleire innlegg i går, sjølv om eg nærmast lova det. Beklagar!

I dag har eg vore ute i stallen i heila dag, og det tar på, Eg er dødssliten! Vilde og eg har ridd på tur med Stig og Bomerang, noko som var utruleg kjekt! Eg elsker Bomerang!!  Og etter lunsj rei me to fjordingar, eg på Daysy og Vilde på Rinda. Me sprang på jordet, og fysøren til Daysy er sterk i munnen, ho burde virkeleg fått seg stangbitt! Men var kjekt då! Etter det var det middag, men den var ikkje god. Så tok eg ein lang og velfortjent dusj. No set me her på rommet, Vilde søv, Mari og Erle er heilt oppi dataskjermen sin, det same er vel eg, men eg ser/høyrer og litt på musikken frå tv'en. The voice! (Y)

Blir nok ein tidleg kveld i dag, så kjem nok ikkje fleire innlegg i dag.


Snakes ^^

Naturfag....

No har me naturfag, om stråling og radioaktivitet. Faktisk så kan det bli litt intrresant, om nordlys og slikeins.
Læraren hadde ikkje retta prøven frå sist onsdag, han hadde visst ikkje funne dei før rett før timen. Nåårh..
To timar igjen med naturfag, så har me lunsj. Og etter det er det tre timar med matte. Skuleblogging er alltid lika kjekt. Ehem...


Har det moro!!

Likar du naturfag?

Ta det med ro, det kjem nok eit innlegg litt seinare i dag og. Kanskje to!?


Snakes ^^

Æ kan itj leev uten deg!

Jaa, Vilde kom tilbake til oss i dag! <3  So no slepp eg å sove åleina.
På skulen i dag skulle me hatt ein dobbeltime med engelsk, men læraren kom aldri, og først etter 30 min kom to karar med høgtalarar og film. Me såg Flukten frå hønsegarden. Stakkars dei frå Ungarn, dei hadde sikkert sett fram til ein skikkelig hard engelsktime. Akk'ja.. Me hadde naturfagprøven også, den gjekk ganske så bra. Så var det matte. Og klassenstime, og i dei timane blir det alltid ein diskusjon. Og det blei det i dag og. Om hestane på skulen faktisk..

Etter skulen var me samla på rommet vårt som alltid, og eg fiksa opp på farmville faktisk (!) Og etter kvelds så såg me ein film som heiter Hjelp, vi flyr! Den skal visst vere av ein av dei 10 morsomaste filmane, meen det kan nok diskuterast etter mi meining. Så såg me Frustrerte fruer =D


Vilde <3 Samboaren min!

No skal me vel leggje oss vil eg tru.


Snakes ^^

Talk to the hand, talk to it!

Hey mates! Greitt.. I dag har det vore ein slapp dag. Eller, nja.. Starta med ein kjekk gymtime. Hadde først litt yoga, solhilsen også hadde me aerobic der me sjølv skulle setje saman eit program. Var moro!  Ellers så var eg og Erle borte på Meny fordi eg skulle betale giroen min. Og på vegen så tryna eg, noko kratfig! Haha.. Eg datt og fekk fortauskanten rett i leggen. Var ikkje vondt i det heile, eg berre lo! Tiihii

Også har me sett på Cougar Town =D  Og øvd til naturfagprøven me skal ha i morgon. Kan det ganske godt faktisk. Og i morgon i engelsktimen skal dei frå Ungarn vere med. No har dei snart vore her i to veker, og eg anar ikkje kva dei heiter, utanom læraren, han heiter Lazlo (?). Kjipt at dei ungdommane ikkje kan engelsk.

Og ja, eg og Mari har kødda oss mykje. Sendte haugavis med stemmeklipp til kvarandre, sjølv om me satt rett ved siden av kvarandre i senga mi. Eg lagra nokre av dei, kjempe morosamt å høyra!

Ein sang eg høyrer på ein del no er Chris Lee - Talk to the hand. Eg synst den er kjempe kul!
 


Kva synst du om sangen?

Men no skal eg leggje meg, trur eg. Snart vertfall..

Snakes ^^

Snøfres!!

I dag har eg ikkje gidda å blogga før no. Og no er det seint, som alltid. Eg trur eg kjem til å bli ein nattbloggar. Eg skal bli kjendt som Nattbloggaren Den Store. Så skal eg komme inn i hostoriebøkene. Neidå.

I dag har eg ikkje gjort så mykje. Einaste vetige var å ta bilete av pappen då han var ute å kjørte med snøfresen. Og alt var for ein grunn. Han skal selge snøfresen, og ville ha bileter når den var i bruk. Også måtte eg skrive ut og skrive på arket kva den skulle koste og kva modell og alt det dere. Ellers har eg ikkje gjort mykje. Reiste jo da sjølvsagt opp igjen på Voss. Her var det kaldt igjen, og det er visst meldt veldig kaldt no. Sukk..

Jaja, no tenkte eg at eg skulle leggje meg. I dag blir det mi første natt åleine. Vilde er ikkje her, og eg veit ikkje kvifor. No når det har vore helg så har eg ikkje snakka med ho. Men på facebook'en hennar skreiv ho at ho var forkjøla, så kanskje ho er blitt sjuk..

Bilete av pappen med snøfresen:




Snakes ^^

Mary Kay

Nett no elskar eg hendene mine og leppene mine! Dei er så mjuke. På velværetimen i dag saman med Ingrid hadde eg det kjempe kjekt. Lærte mykje nyttig. Fekk prøve spa for ansiktet, forskjellige andre kremar og "time wise" produkt. Og skrubb for leppene, og dei blei heilt raude! Var skikkelig deilig og avslappande. På slutten blei me fullt oppsminka. Eg kjøpte nokre produkt:


Foundation.


Time Wise (Diamantslipar) Huda blir ekstremt glatt og mjuk!

Og på slutten var det ein "konkurranse", eller trekkning. Og då vart eg den heldige. Og då valde eg denne, ein 2-in-1 Body Wash & Shave. 
 






Frå før av har eg den heilt til venstre på bilete. Ein natt krem. Den kan brukast overalt. Har du sprukte helar, tørre hender eller har tørr hud i T-sonen er den heilt super!  Men eg skal nok unna meg heile settet ein dag.

Har du prøvd nokre av Mary Kay produktene? Kva synst du?

No skal eg beføle handa mi litt meir, så legge meg.


Snakes ^^

Les mer i arkivet » Februar 2010 » Januar 2010 » Desember 2009
annecez

annecez

16, Kvam

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits